Kjenndalen/Kjenndalsbreen
Turen går på Lodalsvegen inn til enden av dalen. Første fotostopp anbefales ved Breng seter som ligg like ved vegen. Sætrehusa her er eit veldig kjent fotomotiv og den flotte Brengselva ligg som eit slør nedover svaberget. I Bødal (8 km) er det informasjonstavle som fortel om dei to store rasulukkene som ramma Bødal og Nesdal i 1905 og i 1936. Dette er også eit utkikkspunkt med spektakulær utsikt nedover vatnet. Ved enden av vatnet ligg Kjenndalstova som tilbyr gode matrettar av lokale råvarer. Vidare innover Kjenndalen kjem naturen enda tettare på med høge fjell, flotte fossefall og ein vill og vakker natur. Ved vegs ende kan ein gå i ca 10 minutt på fin sti for å kome litt nærmare Kjenndalsbreen som er ein brearm frå Jostedalsbreen. Området her er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark
Avgift på bomveg frå minnetavla i Bødal til parkeringsplass i Kjenndal er inkl. i leiga.
Tur – retur 32 km
Turen kan gjerast med Twizy -elbil, UTV eller el-sykkel.a.