Bødal – Nesodden – Sundet

Turen kan gjerast med
ElsykkelTil fots

Turen går på Lodalsvegen til Bødal (8 km) Første fotostopp er ved Breng seter som ligg like ved vegen. Sætrehusa her er eit veldig kjent fotomotiv.   I Bødal tek ein til høgre rett etter brua, følg vegen nedover til ein 90 graders sving. Vidare innover mot Nesodden der ein kan gå ein tur opp til høgaste punktet  der det står eit kross til minne om dei som omkom i Lodalsulukkenne. Derifrå er det super utsikt både nedover vatnet, inn mot Nesdal, Kjenndal og  mot Bødalsæter.  Det er fleire stiar i området, nærheit til vatnet og eit fantastisk stille og rolig område der ein virkelig kan senke skuldrane og slappe av. 

Turen kan gjerast med el-sykkel og til fots