Bødal – Bødalsæter
Turen går på Lodalsvegen inn til enden av dalen. Første fotostopp er anbefalt ved Breng seter som ligg like ved vegen. Sætrehusa her er eit veldig kjent fotomotiv, og den flotte Brengselva ligg som eit slør nedover svaberget. I Bødal (8 km) står det info og skilt til Bødalsæter. Her er det 5 km med bomveg, avgift for å køyre her er inkl. i leige av bilen. Oppover dalen passerer ein imponerande fossefall som krever fotostopp! Ved vegs ende på ca 500 moh ser ein fleire brearmar frå Jostedalsbreen. Det er 10 minutt å gå inn til Bødalsæter, der ligg det små idylliske sætrehus(sel) på ei rekke. Der er også ein enkel campingplass for telt, og ein fin plass for dagsturistar å ta ein pause og nyte naturen. Dersom ein vil gå lenger så er det sti inn til Bødalsbreen,ca 40 minutt lett spasertur. Bødalsætra er ein del av Jostedalsbreen nasjonalpark og det kan trygt nemnast som ei «skjult perle»
Tur – retur Bødalsæter (parkeringsplass) ca 28 km
Turen kan gjerast med Twizy elbil, UTV og el-sykkel