OM OSS, EXPLORE LOVATNET A/S

Explore Lovatnet a/s er eit aktivitetselskap som vart danna i 2024. Eigarane av selskapet er Loenvatn feriesenter og Sande camping. Vi har i mange år hatt utleige av båtar og syklar kvar for oss, men for at vi skulle kunne tilby fleire aktivitetar bestemte vi oss for å inngå eit tettare samarbeid. Selskapet tilbyr per i dag utleige av el-syklar, Twizy el-bilar, UTV, robåt, kano, kajakk og Supbrett. Ønsket vårt er at våre gjestar skal ha eit godt og variert aktivitetstilbod under opphaldet her, og at dagsturistar og lokalbefolkning som reiser til Lodalen skal kunne få gode opplevelsar og få sjå dalen og vatnet på ein ny og spennande måte.

Vi er lokalkjende og veit om mange fine plassar som vi gjerne deler med våre gjester, og vi vil gjere vårt aller beste for at alle får ein god og spennande opplevelse enten det er på landevegen eller på det smaragdgrøne Lovatnet.